Stå opp imot Datalagringsdirektivet!

Datalagringsdirektivet - illustrasjonsbiletePersonvernet har stått sterkt i Noreg i mange år, men er no under sterkt angrep via EU (og EØS) gjennom deira Datalagringsdirektiv (direktiv 2006/24/EF). Stortinget har ikkje ynskt å ha datalagringsdirektivet som ei eiga separat sak, noko FrP har kjempa imot. No er Venstre også godt i gang med å starte ei kampanje mot denne loven.

Direktivet vil medføre – om det blir vedteke innført også i Noreg – at all trafikkdata (epost, sms, telefoni og internett-bruk) må loggast i minst to år. Vi som borgarar blir med andre ord alle skore under ein kam; me er alle mistenkte og skal overvåkast i tilfelle me skulle finne på å gjere noko galt.

Det ironiske med slike lover er sjølvsagt at dei store slemme fiskane alltid veit å skydde seg mot overvåkarane (kryptert datakommunikasjon er ikkje vanskeleg). Med andre ord er det nok ein gong “folk flest” som blir overvåka.

Jens Petter Berg (Avdeling for forvaltningsinformatikk, Universitetet i Oslo) har gitt ut ein interessant publikasjon litt om kryptering, overvaking og personvern.

La oss håpe det blir nok omtale om saka til at denne lova ikkje blir innlemma i norsk lov. Sverige har tatt denne loven inn over seg, men det er framleis mange som kjemper mot den nye loven, på FRApedia.se og StoppaFRAlagen.nu.