Frå:

Avisutvalget, avd. Bergen

Til:

Alle journalistspirer (med venner)

Overskrift:

Ver med og plasser Bergen DPH på kartet, saman med dei andre DPH-avdelingane!

Tekst:

Avisutvalget startar no med ny giv (og blanke ark?), og skal arrangere det fyrste møtet måndag 15.30, 27. september i eitt av grupperomma oppe i 6. etasje. Det er meininga (til slutt) å få samla ein liten stab med overordna (regionale avismedarbeiderar), som tøyler alle dei andre skrivevillige tekstforfattarane rundt om på skulen.

ALLE som er interesert i å drive med litt lettare og uforpliktande journalistikk på fritida er sterkt oppmoda om å møte opp (sjølv om du ikkje vil vere med i sjølve utvalget!) - så kan du i alle fall sjå om dette passar for deg!

I tillegg til at ein får høg status i vennekretsen, ser også ei deltaking i studentavisa fint ut på eventuelle CV'ar i samband med jobbsøking m.m.

Møt altså opp på i 6. etasje, montag um fünfzehn dreizig Uhr. Dersom du ikkje kan møte eller har noko du lurar på i denne samanheng, send meg ein mail på gumby@earthling.net.

Dersom du lurar på kva som er gjort tidlegare, stikk innom vevsidene til avisutvalget via intra'n, og les artiklane der!

Resten kjem me tilbake til på måndag, 27. september. Uformell kleskode.

P.S. Underskrevne er i ferd med å trekke seg tilbake etter kun ei kort tid som leiar for avisutvalget, og er på utkikk etter ein som kunne tenke seg å ha suksessere vedkommande. Det er svært lite ekstraarbeid i denne samanheng, men ein leiar i eit utvalg må ein no likevel ha. I tillegg til å måtte halde litt kustus på sine underordna, må vedkommande også møte på studentrådsmøte ein gong i blant, for å rapportere status m.m.

Me røast(!)

venleg helsing, leiar for avisutvalget, DPH Bergen:
Jakob Breivik Grimstveit (
jakob@grimstveit.no), DPH Bergen - www.dph.no
c/o Reidar Njøten, Morvikveien 28, 5121 Ulset, tlf 55241862 & 90677089
Homepage -
http://www.grimstveit.no | Other - http://www.zyber.org