Tag Archives: norwegian

Født sånn eller blitt sånn?

Universitetet i Stavanger har fått laga tre reklamevideoar som blir sendt på norske kinoar i desse dagar, og i den anledning måtte dei ha ein del statistar i samband med at dei skulle danne biletet av ei engasjert skuleklasse. Deretter kjem Harald Eia inn frå sida og seier noko kætsjy før logoen til UiS dukker opp. Enkelt og greit.

Arild og fleire klassekameratar tok ein ettermiddag turen ned til Møhlenpris skole for filming, og resultatet er no lagt ut på YouTube :-). Arild er guten fremst på venstre side.

Kjendis!

Stå opp imot Datalagringsdirektivet!

Datalagringsdirektivet - illustrasjonsbiletePersonvernet har stått sterkt i Noreg i mange år, men er no under sterkt angrep via EU (og EØS) gjennom deira Datalagringsdirektiv (direktiv 2006/24/EF). Stortinget har ikkje ynskt å ha datalagringsdirektivet som ei eiga separat sak, noko FrP har kjempa imot. No er Venstre også godt i gang med å starte ei kampanje mot denne loven.
Continue reading Stå opp imot Datalagringsdirektivet!